torsdag 17. juli 2008

Meg og mi innhaldsrike veke

Dette innlegget vert skrive på nynorsk, for vår alles kjære Remi si skuld. Og litt meg sjølv, og sjølvsagt nynorsken. Og det er LENGE sidan sist eg skreiv nynorsk, så det vert nok ein del skrivefeil. Men i og med at den einaste som les dette som er betre i nynorsk enn meg sikkert er Remi, så gjer det meg ikkje noko, for då kan ikkje de andre klage. Hoho!
Og berre for å ha sagt det, så vert dette sikkert eit langt og innhaldslaust innlegg, fordi eg har både mykje og lite å skrive. Nyt det!

Eg skulle eigentleg skrive igår kveld, og hadde det klart føre meg kva eg skulle skrive - eg skulle berre rydde rommet fyrst. Det endra heile saka, og har no laga hovudsaka i dette innlegget. Eg fekk nemleg den nye mp3en min, Creative Zen, igår, og var kjempenøgd. Eg installerte det som skulle installerast, og satte han så til lading, altså sånn via pc'en. Han skulle lade i 4 timar, og eg bestemte meg for å rydde rommet imens (noko det var eit stort behov for!!). Då det var gått litt over 2 timar, gjekk eg opp for å ete, medan dataen fortsatt stod på nede og lada mp3-spelaren. Då eg kom ned att hadde pc'en fucka seg, og mp3en hadde slutta å lade. Eg prøvde på alle mogelege måtar å få han tilbake på lading, men ingenting gjekk. I tillegg registrerte ikkje pc'en at han var kobla til når han var det, og det gjekk heller ikkje an å slå han på. Med andre ord - min nye, fantastiske mp3-spelar vart øydelagd før eg i det heile tatt hadde fått skrudd han på! Eg vart så eitrande galen, at hadde lunta mi vore 1 mm kortare, hadde eg lagt pc'en på golvet og hoppa på han - og altså øydelagd den óg.


R.I.P. <3>



Vel, over til noko mykje meir hyggeleg.
Onsdag førre veke hadde vi surpriseparty for Maia, for å feire bursdagen hennar (som er idag), og ha avskjedsfest sidan ho skal reise frå oss til England for eit år. Eg er imponert over meg sjølv som klarte å halde meg alvorleg omtrent heile tida då eg var med ho før vi gjekk ned til Grethe! Maia hadde absolutt ingen aning om at vi hadde planlagt det, så eg er godt nøgd. Ho verka glad for det, og det verka som om dei fleste koste seg og. Vi klarte til og med å få Maia si kusine, Anna Karina, bort her heilt frå Tysnes, utan at Maia fant ut or noko!




Mammaen min laga kake til Maia . <3


Frå onsdag til torsdag "sov" Maia, Anna Karina og eg hos Grethe. Halve natta tilbrakte vi på bryggen ved Øyrane Torg, med å berre høyre på musikk, snakke og kose oss. Klokka var vel rundt halv 4 då vi bestemte oss for å gå opp att og leggje oss.


Torsdag vakna eg og Anna Karina i 12-tida av at Maia og Grethe slo pannelokk mot kvarandre for å vekke oss. Det er det verste eg har vakna til nokonsinne - og eg har vakna til mykje fælt (fordi det er einaste måten å vekke meg på)!
Vi tilbrakte store delar av dagen på Holmen, og på kvelden var eg i byn på nattåpent med Maia, Lise, Malene og Nina. Det var to kjekke dagar :)

På fredag klipte eg håret! Eller - frisøren gjorde det. Eg var litt nervøs, for eg ga ho tillatelse til å gjere nett det ho ville - så lenge eg ikkje fekk pannelugg eller kort hår. Men eg vart nøgd, og eg følte meg vel eigentleg aldri veldig unøgd i løpet av tida i frisørstolen heller, for frisøren sa ho aldri i livet kunne tenkje seg å klippe håret mitt kort. det verka dessutan som ho var veldig einig med meg og hadde dei same tankene om håret mitt som meg, så eg følte meg eigentleg ganske trygg.

På sundag var eg på kino med Eline, Jaran, Hilde og Eira, for å sjå Mamma Mia. Men sidan det ikkje gjekk an å bestille billettar, og det var veldig mange som ville sjå Mamma Mia då, måtte vi dele oss opp for å få billettar. Dermed endte det med at meg, Eline og Jaran gjekk ilag, og Eira og Hilde ilag. Filmen var utruleg bra etter mi meining, og eg storkoste meg! Heilt til Eline tømte resten av popcorn-eska i hovudet på meg...

Mandag til tirsdag overnatta eg, og mange andre, hos Katarina. Ho feira nemleg bursdagen sin, som var på tirsdag :) Det var kjempekoseleg! Men eg orkar ikkje skrive om det no, så de får heller sjå og dømme ut frå bileta. Jiiha!



-Maren, Amanda og Iselin . :) . -Meg, Katarina og June . :D . -Meg og Katarina i fartaaaa . (H)


Eg har no forresten byrja i jobben sm grønkledt igjen. Livet på Kiwi er slitsamt, men uthaldeleg. No skal eg jobbe kvar dag (utanom sundag) fram til eg reiser til Bulgaria fredag 25. juli. I morgon byrjar eg kl. 08.00 og skal vere til ca 17.00, så eg bør vel leggje meg no. Då får eg i alle fall 4 og ein halv timar søvn før eg skal opp... Huff!

5 kommentarer:

Maia sa...

VIRKET det som jeg ble glad?? Hallo, jeg ble jo dritglad!!! :P

Christina sa...

Trykk på reset-knappen, og innstaller softwaren:P tror det vil hjelpe på din såkaldt "ødelagte" mp3-spiller

camilla sa...

reset knapp hvor? mp3 eller pc? anyway har jeg levert den inn nå, så for sent.. "/ men takk for tipset iaffall :)

det er bra, Maia :D

Grethe sa...

HahaxD så flink du er å skrive nynorsk! At du gadd:P

camilla sa...

det ligger i min natur, u know. :P